Kommunal fysioterapiteneste

 
    
                   
Eitt av behandlingsromma (t.v) og treningssalen på Samnanger helsetun. 

Kommunefysioterapeut Åse Waage Tveit
Postadresse: Samnanger helsetun, 5650 Tysse
Telefon:
56 58 91 07
E-post

Målgruppe
 

Kommunefysioterapeuten gjev tilbod til barn, vaksne og eldre funksjonshemma som ikkje kan nytta fysikalsk institutt, som har plass ved institusjon, eller som treng tilbod i eige miljø (barnehage, skule eller heime). 

Tilvising


Barn; tilvisning frå lege, helsesyster, spesialteneste, PPT, barnehage, skule og foreldre/føresette. Kan skje via spesielle tilvisningsskjema for barn og unge eller på telefon 56589107. 

Vaksne; tilvisning kan skje via lege eller pleie- og omsorg eller direkte til kommunefysioteraputen på telefon 56589107. 

Kva omfattar tenesta?

Undersøking og vurdering 
Behandling, rettleiing og oppfølging individuelt og/eller i gruppe 
Formidling og tilpassing av hjelpemiddel 
Førebyggjande arbeid 
Foredragsverksemd


Samnanger Helsetun

 
Utviklet av
Visma Unique AS