Svangerskapsveke 8 - 12
Ved fyrste kontroll bør jordmor eller lege informere kvinna om fylgjande:
-
Svangerskapskontrollane
-
Levevanar som for eksempel kosthald, fysisk aktivitet, alkohol
-
Veging og berekning av KMI
-
Røykjeavvenningsopplegg for kvinner som røykjer eller som nyleg har slutta
-
Trygde-og tilretteleggingsordningar for gravide
-
Munnleg informasjon bør støttast med tilbod om svangerskapskurs, og skriftleg kunnskapsbasert informasjon
-
Rettleiing om tilrådde rutineundersøkingar
-
Føremålet med alle prøvar og undersøkingar før ho gjev sitt tilsagn til at dei utførast
-
Tilråding om å ta folinsyretilskot(400 mikrogram dagleg), helst 4 veker før svangerskapet og dei fyrste 12 vekene av svangerskapet
-
At ho bør oppbevare helsekortet sjølv
-
At resultata av alle prøvane, og prøvesvar skal førast på helsekortet, og at kvinna skal vere inneforstått med resultata
-
Tilbod om genetisk fosterdiagnostikk og genetisk rettleiing på indikasjon
|
Legar og jordmødre bør tilrå fylgjande:
-
Screening for anemi: ta hemoglobin på fyrste kontroll og i svangerskapsveke 28
-
Blodtyping, Rhesus-status, antistoffer, rubellaimmunitet, HIV, syfilisserologi
-
Hepatitt B og C på indikasjon
-
Urinprøve som screening for asymtomatisk bakteriuri bør kun tilrådast kvinner som har hatt plagar med gjentekne urinveisinfeksjonar
-
Ultralyd i veke 17-19 for å vurdere gestasjonsalder, identifisere flerlingar, korleis morkaka ligg, og strukturelle anomaliar
-
Undersøking ved fyrste kontroll bør inkludere måling av kroppsmasseindeks (KMI), protein- og glukosuri og blodtrykk (BT)
-
Vurdering av risiko for sigdcelleanemi eller talassemi
-
Klamydia hos kvinner <25 år eller på indikasjon
|