Innhaldet i tenesta

  • Eit lavterskeltilbod for barn og føresette med tanke på oppfølging av barn si fysiske, psysiske og sosiale helse. 
  • Gje rettleiing til målgruppa og dei føresette.
  • Arbeida tverrfagleg og tverretatleg og medverka til å samordna tenester. 
  • Fylgja nasjonalt tilrådd program i høve helsekontrollar og vaksinering. 
  • Tilbod om heimebesøk til alle nyfødde i samarbeid med jordmor. 
  • Ta del i svangerskapskurs saman med jordmor og fysioterapeut. 
  • Smittevern gjennom å tilby reisevaksinering, influensavaksinering og tuberkulosekontroll( Mantoux-test) og elles råd og rettleiing til einskildpersonar og grupper. 
  • Samarbeid med andre grupper om habilitering av barn og unge med særskilde behov som kronisk sjuke og funksjonshemma. 
  • Undervisning i skulen for grupper/klassar/foreldremøter/personell etter førespurnad frå skulen
  • Helseteneste for flyktningar. 
  • Tilbod om hørselskontroll til både barn og vaksne. 
  • Utleige av brystpumpe og sengevætingsalarmar. 
  • Tek del i kommunen sitt Fredskorpsprogram.
  • Tenesta er gratis. 

    Er du nytilflytta til kommunen, er du velkomen til å ta kontakt slik at helsekort vert oversendt. Gje og melding til helsestasjonen dersom du flyttar frå kommunen, slik at helsekortet vert oversendt.
 
Utviklet av
Visma Unique AS