Byte av fastlege



  • Om ein vil byte fastlege, eller melda seg ut av eller inn i fastlegeordninga, skal dette primært gjerast på internett, på www.nav.no/minfastlege

  • Alternativt kan ein ringja NAV (Arbeids og velferdsetaten) sitt servicesenter på telefon 810 59 500. Servicesenteret kan gje opplysningar om kva legar som har ledige plassar på lista si, og setja pasienten opp på aktuell lege si liste. Pasienten vil så få eit brev som stadfestar legevalet. 

  • Eit tredje alternativ er å fylla ut skriftleg skjema for byte av fastlege. Skjemaet får ein på legekontoret. Der kan ein også levera inn skjemaet når ein har fylt det ut. 

Meir informasjon om fastlegeordninga
Dersom du ønskjer meir informasjon om fastlegeordninga, kan du enten ringja NAV sitt servicesenter, tlf. 810 59 500 (bruk av dette nummeret vert berre belasta med lokaltakst), eller gå inn på NAV sine internettsider www.nav.no/minfastlege. Begge stader kan du mellom anna:

  • få opplysningar om kven som er fastlegen din 

  • få opplysingar om kva legar som har plass til nye pasientar på fastlegelista si

  • byta fastlege

Her finn du direkte link til NAV sine informasjonssider om fastlegeordninga. 

 
Utviklet av
Visma Unique AS