Fastlegeordninga
Fastlegeordninga gir alle innbyggjarar i Noreg rett til å ha ein allmennpraktiserende lege som sin faste lege.
Fastlegen skal først og fremst gje tilbod til dei pasientane han har på lista si, og har eit særskilt ansvar for desse. Dersom du oppsøkjer ein fastlege som ikkje har deg på si liste, må du betala ein noko høgare eigenandel.
Fastlegeordninga er frivillig. Dersom du ikkje ønskjer å vera med i fastlegeordninga, må du sjølv finna ein allmennlege å gå til.
Det er tre fastlegelister i Samnanger kommune:
- Harald Ramm Salbu, maksimalt 900 pasientar.
- Jakob Norup, maksimalt 825 pasientar
- Kristian Jansen, maksimalt 600 pasientar
- Edle Margrethe Johannesen, maksimalt 600 pasientar
Om ein fastlege sluttar, vil pasientane på lista hans verta overførte til ny lege. Om me ikkje får ny lege eller vikar med ein gong, vil dei andre legane ved Samnanger helsetun sjølvsagt ta imot pasientane som har fastlege i kommunen, på lik linje med eigne pasientar.
|