Akutte situasjonar

Ved akutte livstrugande situasjonar, skal ein alltid ringja medisinsk naudtelefon tlf. 113. Ringjer ein dette nummeret frå fasttelefon, vil AMK-sentralen automatisk få opp på kartet kor ein ringjer frå, og kan senda ambulansen direkte til pasienten. Legen vert kalla opp frå AMK-sentralen og rykkjer ut. 

Hugs å gje nøyaktige opplysningar om:

  • Kvar pasienten er

  • Namnet til pasienten dersom det er mogleg

  • Telefonnummer ein ringjer frå, helst også telefonnummer til pasienten

  • Kva det gjeld, så nøyaktig som mogleg

  • Ved ulukker, om pasienten er vaken

 
Utviklet av
Visma Unique AS