Frå 01.09.2009 er det etablert felles legevaktordning for Os kommune og Samnanger kommune.
Kart Klikk herfor kart som viser kvar legvakta er lokalisert.
Os og Samnanger legevakt (S.Os legevakt)
Legevakta for Os og Samnanger er lokalisert i Kolskogen på Os (Kolskogheiane 8) og er bemanna frå kl. 16.00 til kl. 08.00 på kvardagar og heile døgnet på laur-/søn-/høgtidsdagar. Telefonnummeret til legevakta er 81568565. For å få best mogleg vurdering og sørvis, må du oppgje følgjande når du ringjer:
Namn
Fødselsdato
Kva henvendinga gjeld
Telefonnummer.
Dei som betjenar telefonen på legevaktsentralen silar ut dei som kjem med problem som skal handterast i kontoropningstida på legekontoret, som resepttingingar, sjukemeldingar og andre ting som ikkje er aktutte. Henvendelsar som ikkje kan venta, vert formidla vidare til vaktlegen.
Pasientar skal koma til legevakta på Os etter avtale med vaktlegen. På legevaktsentralen har me naudsynt utstyr til å gjera gode undersøkingar, dette har me ikkje om me ser pasienten i heimen. Det er difor langt å foretrekkja også for pasienten å koma til legevaktsentralen, sjølv om ein del oppfattar det som meir tungvint. Det kan likevel gjerast unnatak dersom det av medisinske grunnar er vanskeleg for pasienten å koma til legevaktsentralen.
Legehjelp på dagtid på kvardagar
På dagtid på kvardagar (kl. 08.00 - 16.00) skal ein normalt bruka eigen fastlege ved behov for legehjelp. Har du ikkje fastlege i Samnanger eller kringliggjande kommunar, kan du kontakta legekontoret ved Samnanger helsetun på dagtid for naudsynt hjelp.