Velkommen
Velkommen til våre heimesider. Me ønskjer å gjera kontakten med oss så enkel som mogleg. Time hos lege må bestillast på førehand. Derfor er det tilrettelagt for time- og reseptbestilling via desse sidene eller du kan ringja tlf. 56589100
Du vil i tillegg finna ein del informasjon om legesenteret her. Elles er du velkommen til å ta kontakt på telefon dersom du ønskjer det.
Legetenesta held til i helsetunet på Haga, som vart teke i bruk hausten 2000. Ved helsetunet er det i tillegg til legekontor også helsesøster, jordmor og fysioterapeut.
Me har fire fastlegar. Det er også 220% stilling for helsesekretærar, fordelt på tre sekretærar.
Legetenesta si oppgåve er å gje innbyggjarane i Samnanger legetenester på dagtid, og akutt legehjelp på kveld, natt og i helger, i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter. På dagtid prioriterer me dei pasientane som har fastlege her i kommunen, andre pasientar vert henviste til fastlegen sin. Unnataket er pasientar som har medisinsk behov for akutt hjelp, dei vert behandla akutt ved legekontoret.
Samnanger har felles legevakt med Os kommune. Legevakta er lokalisert i Kolskogen på Os. I tillegg har legetenesta ansvaret for tilsyn ved Samnangerheimen, medisinsk faglege råd, smittevern og miljøretta helsevern.
Innføring av e-resept
Frå 18.10.2011 er det innført ordning med e-resept ved Samnanger helsetun. Den som treng resept vil ikkje lengre få ein papirresept i handa. Det er fordi legen sender resepten elektronisk til ein sentral database som heiter Reseptformidlaren.
Når ein skal henta vara på eit apotek eller hos ein bandasjist, treng ein berre seie fødselsnummeret sitt eller namn og fødselsdato. Så kan dei søkje fram resepten og ekspedera han.
Med e-resept kjem dessutan eit tilbod om ei ny teneste over Internett – Mine reseptar. Ein kan bruka denne tenesta til å få oversikt over dei gyldige e-reseptane sine.
Meir informasjon finn du på www.eresept.no
Link til Sosial og Helseeininga sine nettsider:

Link til www.helsenorge.no:
Den offentlege helseportalen www.helsenorge.no vart lansert 15.06.2011. Portalen skal vera ein vegvisar til helsetenester og rettigheiter, informasjon om helse og sunnheit, sjukdom og behandling

|